Etter alt eg har sett og lese om utryddinga av jødane før og under andre verdskrig er det vanskeleg ikkje å ha sympati. Haustens tur til Polen og Tyskland forsterka den sympatien som eg allereie hadde med det plaga og forfølgde folket. Spesielt djupt inntrykk gjorde møtet med jødane i kapellet i Auschwitz, som las opp namna på slektningane sine, og som framleis kjende sorg ved tanken på heile slektsgreiner som vart så brutalt og meiningslaust avhogde.
Frå å vere offer har dei israelske jødane no utvikla seg til å bli offensive i kampen mot palestinarane, noko som set sitt preg på den offentlege debatten verda over. Her i Noreg har Mona Levin skulda Kåre Willoch for å vere antisemitt, medan Siv Jensen truleg vil miste stemmer ved å ha forsvart Israels rolle i Gaza.
I Buskerud mobiliserer nynazistane seg for å stille til stortingsval.
Eg er ikkje Hamastilhengar,og ikkje antisemitt.Likevel synest eg det ar gale at Israel med det gamle testamentet i handa kan påberope seg retten til å ta att landet som Gud lova Abraham og hans ætt. Med makt!Eg er fullt ut samd med Kåre Willoch i debatten mot Mona Levin. Eg syntest ho dumma seg totalt ut.Men så viser det seg altså at det finst antisemittiske grupper i samfunnet vårt...
SvarSlettSituasjonen kan minne om ein gordisk knute.
Valdelege angrep er gale uansett, i alle fall i prinsippet. At Levin kritiserte Willoch var usmakeleg, og eg er redd det kan vere med på å ufarleggjere omgrepet "antisemittisme".
SvarSlett