onsdag 14. januar 2009

Strålande fridag




I dag var det ein nydeleg dag! Det er ofte fint ver på onsdagar, har eg lagt merke til, og det passar utruleg bra for meg som har fri. Dei to yngste og eg tok med hundane på tur i skogen, og etterpå har vi hatt besøk av fire kjekke gutar i tillegg til at Nummer 2 har kome heim frå skulen. Nummer 3 må finne seg i å vere einaste jenta i flokken, men det taklar ho fint. Dessutan skal ho på ballett og dyrke sine feminine kvalitetar seinare i dag.

2 kommentarer:

  1. egentlig fordi dei ej nemnte va eksempel på samarbeid mellom Johnny Depp & Tim Burton ^^ Men piratfilmane e geniale ^^

    SvarSlett
  2. Eg må seie at eg saknar dagslys for tida! Elles trur eg det er sunt for jenter å vere saman med gutar i den alderen (også). Eg trur jenter vert skværare og at det vert færre intrigar mellom dei om dei vert blanda med gutar i leik!

    SvarSlett