onsdag 28. januar 2009

"Mamma, skakje me snart finne på noke anna so du sleppe å alltid blogge om de same?"






Nummer 3 er den snusfornuftige i familien. Det er ho som passar på å bere inn "kveikje" når eg skal fyre i omnen, og det var i si tid ho som passa på å smørje inn naboguten med solkrem. Om onsdagane hjelper ho til med å passe Minstemann, som er ei langt hardare nøtt å knekkje dersom han ikkje er i godt humør (noko han heldigvis oftast er). I dag måtte både han og hundane lokkast med julekaker for å bli med inn til demninga ("Knakkesteinane"). Han datt opptil fleire gonger, skrapa seg opp og fekk voksesmerter. Planen var å gå heilt til "Trollskogen", men det kom eit djupt sukk frå Indiana: "MÅ vi gå heilt til Trollskogen? Det e no DRITLONGT!" Heldigvis smiler dei alltid fint når ein dreg fram kameraet, så blogginnlegga ser alltid like idylliske ut.

Dagens motto: sure ungar bør få viljen sin, og dessutan kake (dette kan sikkert med fordel prøvast ut på eldre også).

6 kommentarer:

  1. Det er noko eg kallar "idyllen som uteblir". Det skjer i alle familiar.
    Elles er det artig å vere vitne til ulike strategiar born brukar for å oppnå det dei vil.
    Eg har sansen for ho med argumentet om blogginnlegget.

    SvarSlett
  2. Du får utfordre ungane:Kva skal vi gjere i dag, som kan vere kjekt å skrive om på bloggen?

    SvarSlett
  3. Eg er heilt med på å la sure ungar (og vaksne) få julekaker, særleg i januar:)
    God grunn til å få tømt boksene, vel?

    SvarSlett
  4. Dei boksane som kom hit vart tome før enkelte hadde fått smakt. Eg trur det var bursdagsbarnet som gomla dei i seg.

    SvarSlett
  5. Her har vi knapt smakt på dei ferdigkjøpte julekakene enno, så det er berre å komme og gomle.

    SvarSlett
  6. Julekakene er utmerka turmat i januar. Og mange sortar smular så mykje at dei helst bør etast ute. Vi var så seine med baksten i år at det ikkje gjer noko om vi er seine med etinga òg. Nøtter er morosam turmat, forresten, med steinar som nøtteknekkarar. Her er forskjellig å rydde ut av skapa...

    SvarSlett