Ved frokosttider i dag kom to trøtte typar heim frå si hittil største oppleving i livet: AC/DC-konsert i Oslo. Dei reiste til Kongsberg laurdag og besøkte "Tigrane", og måndag fekk dei med seg fire (!!!) museum i Oslo før dei drog til Valle Hovin og fekk sjå og høyre dei store heltane. I dag skulle Gubben på eit viktig møte på jobb, så dei kjørte heim i natt. Nummer 2 fekk tilbringe dagen på sofaen for å kvile seg ut og fordøye inntrykka.
Stussa litt over overskrifta, men forstod samanhengen etter kvart.Harald og Ruth har vore innom ein tur. Nils var ute frå klokka 4.00 og fiska, så han ringde til Volda for å høyre om dei ville ha sei. Det ville dei!
SvarSlettNr. 2 fekk sikkert eit minne for livet. Alt ungar får oppleve no i forhold til før!!!!
Slikt er gøy!
SvarSlett