mandag 1. juni 2009

Minne om Ariel






















I dag er det ni år sidan hunden Ariel blei fødd, og igjen ruslar Gamla ein tur ned Memory Lane.

Broren min og Svigerinna mi henta vesle Ariel og tok henne med til oss 27/7 2000. Då hadde vi budd nesten fire veker på Bjørneset, og eg hadde fullt opp å gjere med liten baby og to ungar som skulle aktiviserast medan faren prøvde å få gjort mest mogleg av byggeaktivitetar i huset. I starten var det Gubben som tok nattskiftet på flatseng i gangen saman med bikkja, medan eg låg oppe på soverommet med babyen (dei var om lag jamgamle, hugsar de kanskje).

For å gjere galskapen komplett, skaffa vi oss to kattungar som var på alder med hundekvelpen. Den glatthåra heitte Meowth, etter Pokemon-figuren, og den andre heitte Schäfer. Historia bak det namnet er at Nummer 2 var inne i sin heitaste Action Man-periode, og at han ønska seg ein schäferhund, slik eine figuren hans hadde. DER gjekk grensa for galskapen vår, så vi lurte han til å tru at ein schäferKATT var like tøft som ein schäferHUND. Eg lova han også at han skulle få sin eigen schäferhund til tiårsdagen, med håp om at draumen skulle falme innan det. Det gjorde den.

Ariel fekk ein fin oppvekst med turar i skog og mark frå ho var bittelita, men ho hadde eit litt merkeleg lynne. Ho hadde akkurat begynt å roe seg og bli veldig grei då ho vart sjuk og døydde vinteren 2005. Det var ei stor sorg for familien, og den store trøysta vart å skaffe seg to nye hundar.

3 kommentarer:

  1. Så fin og trist historie! Det er nesten rart så knytta vi blir til desse dyra våre!

    SvarSlett
  2. Ja, Ariel var ein skjønn og snill hund. Vi passa henne her somme tider når de var vekke, og vi kosa oss med å ha henne her.
    (No har eg ordna med gåva di.Må skrive det her, for mailane kjem i retur)

    SvarSlett
  3. Ja, dette med flatseng var kjent for meg... Det var ei travel tid når Victor var liten òg. Og så gjekk det nesten alltid gale før vi rakk å kome oss ut... Måtte ned alle trappene frå 3.etasje.

    SvarSlett