tirsdag 16. juni 2009

Munnleg eksamen

Årets store bøyg er over. Få tenkjer på at munnleg eksamen er eit stress også for den ansvarlege læraren, som i mange tilfelle føler at det er hennar undervisning som er oppe til eksamen.

I haust overtok eg ei VG3-klasse i norsk utan å ha undervist i norsk etter kunnskapsløftet før. No, i juni, er det lov å innrømme at eg såg litt mørkt på den oppgåva, men eg er ikkje av dei som nektar å ta ei utfordring (i jobbsamanheng). Det viste seg etter kvart at klassa var heilt super å jobbe saman med, og den faglege utfordringa vart meir spennande enn slitsam.

I dag har eg hatt opp seks utvalde i munnleg, og det gjekk mildt sagt utruleg bra. På grunn av teieplikta torer eg ikkje utdjupe dette noko meir. Forma på eksamen er no at dei skal halde ein datapresentasjon der dei svarar på ei problemstilling, og deretter skal dei ha ein fagsamtale der både eksaminator og sensor deltek. Eg var svært spent på korleis dette ville bli i praksis, men opplevinga i dag freista i alle fall til gjentaking. Ungdomane imponerte med fagkunnskap og evne til å framføre, og eg er svært stolt og glad på deira vegner.

Eg har verdas beste jobb.

1 kommentar:

  1. Vel blåst!
    Synest du skal ta noko av æra sjølv også. Kva ville du gjort om det gjekk dårleg? Skulda på alle andre enn deg sjølv, eller?
    Det må vere lov å vere fornøgd med seg sjølv også-av og til?

    SvarSlett