tirsdag 9. juni 2009

Tut og kjør






















Halvannan time etter at eg var ferdig på jobb, stilte eg i Volda att etter å ha vore heime og henta kornett-solisten og i barnehagen og henta Minstemann. På programmet i dag stod musikkskule-konsert, og våre to mellomste skulle delta. Nummer 2 er no blitt stor nok til å spele trombone utan å måtte bruke foten til å skubbe heilt ut "sliden" med, og han gjorde ein heidarleg innsats på solonummeret "Tears in heaven". Det hender at eg påstår at han er kalla opp etter Eric Clapton. Nummer 3 var solist på "Fager kveldssol smiler". (Digresjon: det er ein fin song som minner meg om ei førsteklasse eg hadde i norsk 1999/2000, som song den etter timen kvar fredag. Då eg gjekk ut i fødselspermisjon i mai 2000, hadde dei laga ein song til meg, basert på "Nei, så tjukk du har blitt". Eg tilgav dei den då dei song "Fager kveldssol" til meg ein siste gong.)

Elles inneheldt konserten mykje felespel, men òg ein glitrande bluesgitarist.

Minstemann somna i kjend stil i løpet av andre nummeret med felespel.

(Bileta er henta frå Gubbens iPhone)

5 kommentarer:

  1. Eg har ikkje fått invitasjon til konsert her enno. Straffa for å ha med ungar i musikkskulen, er å sitte å høyre på to timar på andre sine i tillegg til sine eigne. Men alle får øve på å opptre, så får foreldra stille som publikum. I haust hadde dei ein halv time med kjempeflinke unge songarar til slutt. Dei unge opptredde i grupper. God idé!

    SvarSlett
  2. Eg har overlevd mange musikkskulekonsertar i embets medfør og også med eigne barn. Og om ikkje alt let like liflig, så synest eg det er stort at alle som har lyst og talent no kan få lære seg å spele eit instrument. I min barndom var det berre dei rike og fine som fekk gå i lære. Og så var det nokre familiar som var så musikalske at dei lærte av kvarandre. Eg hadde nok aldri lært å spele uansett, så eg har "no bad feelings" på eigne vegner..

    SvarSlett
  3. I Volda deler dei konserten i to, og heldigvis var våre plasserte på same konserten. Noko som irriterer meg frykteleg, er ein del foreldre som tek med seg ungane sine og går når dei er ferdige. Dårleg folkeskikk! (Våre aspirantar var sist i dag, og eigentleg burde dei hatt slike gruppenummer mot slutten så fleire vart sitjande).

    SvarSlett
  4. Så vi var ikkje dei første som skreiv song til deg altså! "Jag vil vara din Maaargrete"!! Hehe :)

    SvarSlett
  5. Haha, hugsar godt den - merkeleg at elevar skal glede meg med eigne variantar av dansebandsongar...

    SvarSlett