søndag 21. juni 2009

Kiwicup


Overraskinga var stor då Gubben kom heim og fortalde at laget til Nummer 2 hadde tapt bronsefinalen på dagens Kiwicup. Dei har nemleg ikkje gjort det så godt hittil i år. Forklaringa på suksessen var enkel: der var berre fem lag med. Men for all del: dei vann to kampar, og begge var mot Volda-lag.

Biletet er henta frå Gubbens mobil, og han lurer på om gutta planlegg fotballstrategi eller ser på damer...

For dei som er interesserte i jentenes heimlege syslar, er videoblogginga til Eldstejenta god underhaldning.

2 kommentarer:

  1. Eg trur ikkje eg skal ta opp konkurransen med artig bollebaking
    Soldeig.

    SvarSlett
  2. Som gammal skulekjøkkenlærar, vil eg anbefale strikk på håret- eller kokkehue. Men bollane vart sikkert gode!!!Så artig har ikkje eg det når eg bakar!!!

    SvarSlett