torsdag 11. juni 2009

Eksamenstid


Så er det den tida på året att... I dag fekk seks elevar vite at dei kom opp i norsk munnleg, og det tok dei svært pent. Eg har hatt mykje arbeid med å lage oppgåver til dei, og den store dagen blir måndag ettermiddag. I morgon skal eg på munnleg sensur, og no har eg fått dei siste seksti eksamenssvara eg skal sensurere.

For å takle alt saman har eg i dag hatt meg ein runde til frisør og speed-shoppa nye klede. Det er utruleg kor slike kvardagssyslar tek vekk stresset! No i kveldinga har eg gått tur med ein hund og snakka med min gode nabo N, noko som òg er med på å gi ein overarbeidd stakar ny energi.

3 kommentarer:

  1. Vil berre seie ifrå om at viss du har sendt mail e.l. så har vi ikkje fått den.

    SvarSlett
  2. Fin topp! Nye kle gjer at ein føler seg litt meir pigg.
    Eg kom meg til Vik på litt shopping i går kombinert med å køyre Audun på Høddvoll og Olaug og venninner på konsert med Tone AD.

    SvarSlett
  3. Det er ingen topp, men ein sommarkjole. Snart fest igjen!

    SvarSlett