lørdag 27. juni 2009

Einspora fotomotiv?






























I dag tok eg med dei fem ungane som fanst i heimen ved frokosttider og gjekk i Brundalen. Igjen. Dagen begynte med skyer og kald vind, men etter kvart vart det ein fantastisk dag med sol og blå himmel. Igjen. Storejentene hadde andre ting på programmet, og dei gjekk nedatt etter eit par, tre timar. Dei tre yngste låg i vatnet i meir enn fem timar, og Minstemann var heilt svimmel då han til slutt kom på land.

For dei som ikkje er så kjende: på det øvste biletet ser de ein prikk om lag midt på. Det er Nummer 2, som har vassa ut og står med vatn til knea. Det er utruleg langgrunt på "vår" side av Brundalsvatnet, og vatnet er relativt godt oppvarma.

4 kommentarer:

  1. Skyer og kald vind? Bur de på ein annan klode eller?Første gongen eg såg på termometeret i dag f.m. var det +25 grader. sidan vart det varmare.Litt vind var her rett nok. Det ser kjempedeilig ut i Brundalen. Hadde eg berre kome meg opp, kunne eg nok ha vassa.Det er lov å drøyme!

    SvarSlett
  2. Her har det også vore varmt og fint. Ikkje akkurat altanver. Vi åt på plenen for å ikkje kovne. Alle har bada unntatt eg som prioriterte hagearbeid.

    SvarSlett
  3. Kald vind frå fjellet og skyer 8sky-dottar) fram til ca 15.00, ja. Hugs på at det er på fjellet. Og du er hjarteleg velkomen!

    SvarSlett
  4. Solveggen passar best morgon og kveld, og på dagar med under tjue grader!

    SvarSlett