tirsdag 23. juni 2009
Skuleavslutning 3, 4 og 5
Elevane eg er kontaktlærar for kom innom og henta karakterane sine i dag tidleg, og så ønska vi kvarandre god sommar. Læraravslutninga i år vart arrangert på hotellet, sidan kantinekjøkkenet er ute av drift. Dette medførte mindre arbeid og større stemning enn elles, men pensjonistane og dei som er ute i permisjon fekk ikkje kome. Skulen sparar nemleg inn på det meste for tida. Les meir her
Dei tre eldste ungane hadde skuleavslutning på skulen, og Eldstejenta hadde derfor med kameraet dit. Ho kjem sikkert til å blogge om dette sjølv i løpet av kvelden. Illustrasjonsfotoet er av Eldstejenta og ein av bestekompisane hennar, som var konfirmant i år og dermed er blant neste års tiandeklassingar. Dersom nokon stussar over at han liknar nokon, kan eg legge til at han er broren til ein av klassekompisane til Nummer 2 (sjå kiwicupbiletet, til dømes).
No har ungane og eg ete rømmegraut/risengrynsgraut, ungane driv og kler seg ut og vi er snart klare for jonsokfeiring...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Skulen spare? På min skule betalte vi alltid "avslutningar" etc. sjølve. Det galdt også pensjonistar og dei som var ute i permisjon.
SvarSlettEg var av dei som ivra mest for at vi skulle komme oss ut av personalrommet i slike høve.Då vart det meir "festlig" med ein gong.
Spørsmålet er om det har ein verdi å dekke på/pynte før og rydde etter ein fest. Eg har brukt å melde meg frivillig til slikt - spesielt rydding - fordi det er kjekt og har eit snev av psykologisk effekt å gjere praktisk arbeid etter vekesvis med nasa i bøkene.
SvarSlett