tirsdag 23. juni 2009

Skuleavslutning 2


Måndag kveld var det den tradisjonelle avslutningsfesten for VG3-elevane ved skulen. Feiringa måtte haldast på Samfunnshuset, sidan kantina er under ombygging. Maten var kaker frå Fønix og Westre, og programmet var tradisjonelt med talar, musikkinnslag og utdeling av vitnemål. Utvekslingseleven frå Belgia som har gått i norskklassa "mi" heldt tale på flytande norsk, og ein annan elev frå same klasse heldt avskilstale på vegner av elevane. Festen er alltid stilfull med bunadskledde ungdomar som er prega av vemod og høgtid.

Og kven trur de gløymde kamera?

Biletet er henta frå heimesida til skulen, og viser den belgiske utvekslingseleven som gjekk i norskklassa mi. Han heldt avskilstale på flytande norsk!

4 kommentarer:

  1. Vi hadde avslutningfest i går for 10-ande. Eg var så opptatt av antrekk til sketsjen at eg gløymde kamera....

    SvarSlett
  2. No vart eg litt nysgjerrig... Kva var antrekket?

    SvarSlett
  3. Typisk at ein maglar kamera når ein treng det mest.Sånn er det bare. Vona er at andre har fotografert og legg ut på blogg!!!!

    SvarSlett
  4. Eg har kome i skade for å slette deg frå Messenger, maskina avviser mailar til deg osv.Men viss du sender mail til meg, kan eg svare på den....Solveig kjem innover på fredag, til orientering.

    SvarSlett