Ariel
tirsdag 2. juni 2009
Gratulerer med dagen, Nabogut 2!
Naboguten, som vi har kjent sidan vi var på barselavdelinga saman, er ein koseleg og sjarmerande gut med anlegg for scenekunst. Vi kjem spesielt til å hugse han som "verdas sterkaste mann" på sirkusframsyninga tidlegare i vår. Elles er guten aspirant i korpset og øver gjerne saman med vår Nummer 3, han er dyktig til å sparke fotball og han er på alle måtar ein kjekk kar. Biletet er henta frå første skuledag i august 2006. Elles finst han på ein del andre bilete på bloggen, for han er ein kjær kompis av spesielt dei to mellomste våre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar