torsdag 4. juni 2009

Tatt av kvinnen


Erlend Loe er ein av mine absolutte favorittar i forfattarverda. Eg har lese dei aller fleste bøkene han har skrive, og bortsett "Organisten" og "Fakta om Finland" har eg likt alle. "Volvo Lastvagnar" var eg forresten ikkje så begeistra for. Som lydbok er "L" fantastisk; der les forfattaren i eit live-opptak frå studentersamfunnet i Trondheim.

I dag har eg begynt å vise filmatiseringa av "Tatt av kvinnen" i ei av klassene, og sjølv om boka som vanleg er mykje betre, er dette god underhaldning med rom for refleksjon og ettertanke. Det geniale med Loe er nettopp det; at han skriv lett og lystig om seriøse og eksistensielle spørsmål.

6 kommentarer:

  1. Den første boka eg las av Erlend LO var Fakta om Finland, og eg tykte den var god.Best er Doppler, kanskje, mens Volvo lastvagnar vart litt for mykje av det gode.Lo er god, men helst i små porsjonar. Ikkje fleire bøker etter kvarandre m.a.o.

    SvarSlett
  2. Men han heiter Erlend LOE, etter det eg veit...

    SvarSlett
  3. Hadde ein mistanke om det ja. I alle fall heiter han ikkje L O slik eg har skrive. Unnskyld, då!

    SvarSlett
  4. Trudde DU skulle irettesetje MEG, og at det var derfor du brukte STORE bokstavar :)

    SvarSlett
  5. Doppler er min favoritt. Elles likte eg filmen, småkoseleg.

    SvarSlett
  6. I dag såg vi ferdig filmen, og så las vi novella "Liten knute" av Gunnhild Øyehaug (den handlar om ein gut som heng fast i mora fordi navlestrengen hans ikkje kunne kuttast). I begge tekstane er "idealkvinna" den tolerante, stillfarande og smilande. Ein tankevekkar.

    SvarSlett