søndag 13. september 2009
Roll over
Då det til slutt var berre to ungar att i heimen, sette vi oss til å sjå to koselege familie/hundefilmar som eg hadde kjøpt tidlegare på dagen. Mange hugsar sikkert "Beethoven" og "Beethovens andre", om familien som plutseleg har ein St Bernardshund. Det er morosamt å sjå korleis dei har fått hundane til å spele rollene sine, og mi favorittscene er når ein våt og skiten hund reiser seg i dobbeltsenga og ristar seg. Trass i at filmen for mange vil vere ein skrekkfilm, med sikkel, rot og skit, var Nummer 3 heilt klar: ho ønskar seg ein kvelp. Gjerne ein slik som Beethoven.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Då eg var sånn ca14 år, fekk naboen ein St. Bernhardskvalp.Den var så stor og tung at han velta meg over, men han var BERRE snill. Seinare var han ofte på besøk,; då gikk han og sikla attmed bordet, så vi måtte passe på å halde maten unna.Ein snill og koselig hund som passar best til å vere ute, spør du meg.Det kan du seie til A.
SvarSlettVi har møtt mange hundar i utstillingssamanheng, og det som har imponert meg mest, er dei som driv oppdrett av New Foundlandshund. Der går det med ein del hundemat!
SvarSlettSomme hundar passar det best å ha ute, for å seie det slik. St. Bernhard t.d.
SvarSlettMen eg LIKAR best store hundar,