mandag 28. september 2009

Bok 56 2009: "Uskyld" av Tracy Chevalier


Forfattaren er best kjend for romanen "Pike med perleøredobb". Den har eg ikkje lese, men eg har sett den nydelege filmen med Scarlett Johannson og Colin Firth i hovudrollene. Då ho skreiv den romanen, var Chevalier inspirert av måleriet med same tittel.

Då ho skreiv "Uskyld", var ho inspirert av ei utstilling på Tate galleriet i London. Forfattar og kunstnar William Blake opptrer i romanen, men meir sentrale er familien Kellaway, som flyttar frå Dorsetshire til London for å søkje lukka i 1792. Vi får følgje dei på pub, på sirkus og rundt i gatene, og her er mange interessante karakterar og hendingar undervegs. Handlinga er mildt sagt syltynn, og boka er ikkje det beste eg har lese i det siste.

Sidan eg er i London-modus, er det kjekt berre å høyre bydelsnamna nemnde. Litt synd berre, når det vert den største kvaliteten ei bok har. Eg kunne like godt ha hatt eit kart, kanskje, men det finst få kart som lydbok...

3 kommentarer:

  1. Eg har berre lese Pike med perleøredobb av denne forfattaren.Ikkje spesielt spennande, men interessant miljøskilding m.m.
    Det som er originalt er at forfattaren tek utgangspunkt i eit kjent maleri og spinn ei historie omkring det.

    SvarSlett
  2. Ja, denne boka manglar eit like originalt utgangspunkt...

    SvarSlett
  3. Unnskyld, mamma. Unnskyld.

    SvarSlett