tirsdag 8. september 2009

Raud-grønt fleirtal ved skulevalet!


Sist torsdag hadde vi paneldebatt på skulen vår, med representantar for ulike politiske parti til stades, og med godt budde og engasjerte elevar som stilte spørsmål. I dagane etter har vi snakka om debatten til dømes i norskundervisninga. Temaet i den eine klassen min er for tida munnleg kommunikasjon, og elevane hadde mykje fornuftig på hjartet når det gjaldt politikarane sin stemmebruk, kroppsspråk og retoriske verkemiddel. Banning og frekke metaforar var elevane skeptiske til, medan nokre samanlikningar fall i god jord.

Eit døme på ikkje-språkleg kommunikasjon vart òg ivrig diskutert, nemleg utdeling av lighterar med flaskeopnar på (FrP). Bodskapen til sendaren var då sjølvsagt at alkohol og tobakk bør bli billegare, men elevane var nesten fornærma over at politikarane har eit så forflata syn på kva ungdomar meiner og bryr seg om. Spørsmåla frå salen handla nemleg om heilt andre ting, som ekteskapslova, vegutbygging og sidemålsundervisning.

I klassen min var dei einige med meg om kven som var den beste debattanten, nemleg Jan Christian Vestre frå AUF (sjå biletet). Valresultatet i dag gav DNA fleirtal, SV (som òg hadde ein flink representant i debatten) vart nummer 2 og FrP vart nummer 3. Det raud-grøne fleirtalet var på om lag 60%.

2 kommentarer:

  1. Dette var gledelig nytt! No har eg sett ørten valsendingar på TV, og eg er skuffa og vonbroten over mange av synspunkta som kjem fram.Lighteren og flaskeopnaren stiller i samme kategori som det som var referert i Vestposten. (Sjå bloggen min).UT med Frp!!!!!!

    SvarSlett
  2. I Ulsteinvik verkar det som debatten var på eit lavmål, t.d. at tidleg stengt Vinmonopol tvingar ungdom til å kjøpe heimebrent på Hareid.

    SvarSlett