onsdag 16. september 2009

Utan mat og drikke...


Pøsregn og fotballtrening fordrar skikkeleg sikringskost til kvelds. Steikte potetrestar frå middag og sjokomjølk stod på menyen då gullungane skulle ha kvelds i dag. Gamla tenner stearinlys til stadigheit, og ungane insisterte på å sløkkje taklyset og ete i halvmørker. Fin stemning på ein kvardagskveld, med andre ord!

På soverommet ventar Tonje Glimmerdal - Maria Parrs nye hovudperson. Eg håpar vi rekk ein del kapittel i kveld før nokon somnar...

2 kommentarer:

  1. Eg har aldri lese noko av Maria Parr, men eg såg i Møre-Nytt at ho hadde vore på biblio her og les etil ungane.

    SvarSlett
  2. Det er andre boka hennar - den første heiter "vaffelhjarte". Den nye er betre, men ungane somnar skuffande fort. Rakk berre 3 - 4 kapittel i kveld...

    SvarSlett