I kveld ville ungane teikne medan eg las til dei. På spørsmål om kva dei skulle teikne til meg, svara eg at dei kunne teikne meg på jobb, og så kunne eg henge teikningane på pulten min i morgon. Som illustrasjonane viser, har dei to mellomste eit litt ulikt syn på korleis eg oppfører meg i arbeidstida.
Det som uroar meg litt i så måte, er at Nummer 2 faktisk har vore med meg på jobb ein gong...
Hadde han vore på minstemann sin alder, hadde eg vore bekymra;-)
SvarSlettFor å seie det slik, så ser du veldig engasjert ut på det andre bildet!
SvarSlettEg trur det har mest med korleis gutar og jenter teiknar. Om DET er ei trøst.