onsdag 23. september 2009

Råsarampen anno 1995 eller 1996

Jenta som er nummer 2 frå høgre, er "vennen min" på facebook. Dette skuleåret er ho utvekslingselev i USA. Jenta heilt i midten er russ i år, og Eldstejenta, som her sit ytst til venstre, har begynt på vidaregåande. Biletet vart teke ein gong desse ungane hadde leita fram att "lær-å-gå"-bilane sine og kjørte i flokk rundt i Hofsetråsa byggefelt i Ulsteinvik, der husa stod tett og det fanst mange ungar i same aldersgruppe. Eg fann biletet på Facebookprofilen til ho som er utvekslingselev, noko som tyder på at ho, og sikkert dei andre på biletet òg, tenkjer attende på den tida som fine barndomsminne.

1 kommentar:

  1. Var litt desorientert til å begynne med, men så kjende eg att"blåhuset".Ja, det var ein fin gjeng med ungar oppi der.

    SvarSlett