søndag 13. september 2009

Roll over



Då det til slutt var berre to ungar att i heimen, sette vi oss til å sjå to koselege familie/hundefilmar som eg hadde kjøpt tidlegare på dagen. Mange hugsar sikkert "Beethoven" og "Beethovens andre", om familien som plutseleg har ein St Bernardshund. Det er morosamt å sjå korleis dei har fått hundane til å spele rollene sine, og mi favorittscene er når ein våt og skiten hund reiser seg i dobbeltsenga og ristar seg. Trass i at filmen for mange vil vere ein skrekkfilm, med sikkel, rot og skit, var Nummer 3 heilt klar: ho ønskar seg ein kvelp. Gjerne ein slik som Beethoven.

3 kommentarer:

  1. Då eg var sånn ca14 år, fekk naboen ein St. Bernhardskvalp.Den var så stor og tung at han velta meg over, men han var BERRE snill. Seinare var han ofte på besøk,; då gikk han og sikla attmed bordet, så vi måtte passe på å halde maten unna.Ein snill og koselig hund som passar best til å vere ute, spør du meg.Det kan du seie til A.

    SvarSlett
  2. Vi har møtt mange hundar i utstillingssamanheng, og det som har imponert meg mest, er dei som driv oppdrett av New Foundlandshund. Der går det med ein del hundemat!

    SvarSlett
  3. Somme hundar passar det best å ha ute, for å seie det slik. St. Bernhard t.d.
    Men eg LIKAR best store hundar,

    SvarSlett