onsdag 23. september 2009

Med hjarta på rette staden



Nok ein frionsdag med regn og ruskevêr... dei to mellomste var på skulen i dag, og Minstemann var for det meste inne medan eg gjorde skule- og husarbeid. Ut på ettermiddagen gjekk eg tur med hundane i Brundalen og heim (Gubben kjørte meg til vegenden), og så reiste resten av gjengen til Folkestad på fotballkamp og trening.

Etter ei slik økt med uteliv kan det vere på sin plass med noko godt til kvelds, så eg tenkte eg skulle lage vaflar. Nummer 3 og Minstemann gjorde det meste av arbeidet både med å lage røre og å steike, og vaflane vart (som vanleg) verdas beste.

8 kommentarer:

  1. På Austlandet har dei hatt fint ver heile hausten, det har eg frå fleire hald.Uruleg! Heldigvis skal det vare over helga også-eg har sjekka yr.no.
    Nysteikte vaflar er godt uansett ver!

    SvarSlett
  2. Ja, her skal det vel både regne og blåse.

    SvarSlett
  3. Eg fekk meg ein støkk når det var eit ord eg ikkje forstod med det same, kan du gjete kva for eitt eg siktar til?
    Eg treng hjelp til omsetjing av eit uttrykk til engelsk: "ønsk meg velkommen til tussete-bestemor-klubben"... Ventar spent på svar! Hastar, hehe...

    SvarSlett
  4. "Welcome me to the Crazy Granny Club" høyrest litt Norwenglish ut, men det er korrekt, for å seie det slik. Gratulerer så masse!!! Og eg tippar ordet var "vegenden". Absolutt på sin plass med ein bindestrek :)

    SvarSlett
  5. Ja, der òg trengst ein bindestrek...

    SvarSlett
  6. Eg meiner ikkje å kritisere, det er meg sjølv det går på, eg har ei "sperre" på slike ord, eg greier rett og slett ikkje å lese dei rett første gongen, legg trykket på feil plass...Dette ordet fekk trykket på o-en, og då blei det eit heilt nytt ord. Ein gong stod eg fast i ei mattebok der det stod talpar, så då skjønar du.... Eg trudde også ein gong på lærarskulen at eg skulle lese ei bok som heitte Plaget i skolen, men då var l-en sjølvsagt ein i, slik at det var gode, gamle Piaget vi skulle lese om...Men elles er eg glad i å lese, held no på med Shabana Rehman si siste.

    SvarSlett
  7. Ja, eg har sjølv slite i geografifaget med ordet daudisgrop, og tallause andre feiltolkingar. For dei som har leseproblem, ville bindestreken ha gjort underverk. Elles slit vi med orddelingsfeil i skulestilar, og eit satsingsområde for jobben min i år er "den andre leseopplæringa". Tenk på det - eit slikt tema på eit gammalt "gymnas"!

    SvarSlett