Nummer 3 har begynt å spele fotball ho òg, og i dag var ho på cup i Ørsta og spelte i heile tre kampar. Laget vann to kampar, mot Volda og Ørsta 5, og tapte mot Ørsta 4. Vår vesle snusfornuftige og ansvarsmedvitne spelar sjølvsagt i forsvar, og ho fortel at ho redda to mål då målvakta var vekk.
Kanskje ho like gjerne skulle stått i mål? Sidan målvakta har tendens til å vere vekke altså? Eg er FOR at ungar spelar fotball, men MOT at Nils sit i timevis og stirer på TV-kampar. I dag fekk eg låne Menn som hater kvinner med Solveig, så spørs det kva tid eg får sjå den.
SvarSlettStirre på film er greitt, altså? :P
SvarSlettEtter mi meining JA!
SvarSlettEg er sjølvsagt heilt einig! Fotballkamp på TV er langdrygt og gørr...
SvarSlett