søndag 6. september 2009
Nauta gode neter
I følge vêrmeldingane skulle det verte ein fin dag i dag òg, og dei tre store og eg hadde tenkt oss på eit fjell eller to. Så begynte det å regne, og det vart temmeleg tett mellom bygene. Alternativet vart å gå ein stad der det var temmeleg flatt, og dessutan skogsveg.
Kilskrossen ligg ikkje så langt frå hovudvegen mellom Straumshamn og Bjørkedalen, og det er ein lett og fin tur å gå. Eit høgdepunkt denne årstida er å plukke hasselneter etter vegen. Og så var det litt morosamt å vere Raudhette(r) og ulven.
Jentene driv og lagar film om turen, så de får sjekke ut bloggane deira utover kvelden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Med litt omskriving kunne det for eksempel bli:Jegeren, bjørnen og dei tre Rødhettene?
SvarSlettBianca eignar seg dårleg som farleg rovdyr!
SvarSlettKanskje det var ein snill bamse?
SvarSlettApropos neter, så har vi ei nauta fine skål å ha dei i.