Mykje av laurdagen gjekk med til handel i Volda ilag med Eldstejenta. Vi handla mellom anna mykje mat, for som laurdagskos i dag skulle vi ha lasagne og Oreokake. Etter kvart, truleg i morgon, vil det dukke opp filmar på bloggen til Eldstejenta der lesarane kan lære å lage Toro-lasagne og få nyttige råd om bruning av kjøtdeig.
Noko av idéen bak kakebakinga er at det er kjekt å lage mat saman, og at laurdagsgodt ikkje treng vere ferdigkjøpt snop.
Noko anna vi handla i dag, var diverse filmar, som vi kan kose oss med i regnet. I bloggande stund kosar vi (tre ungar og Gamla) oss med den første filmen om hunden Beethoven, medan vi et Oreokake. Eit godt konsept for ein triveleg laurdagskveld!
Oreokake har eg aldri laga. Det er ikkje ei kake eg ville ha site att med restane av! Men eit stykke eller to...
SvarSlettJa, TRE var i meste laget... :-)
SvarSlettKaker står ikkje på menyen her, men eg har baka seks Ingers i dag. Ja, det er skilnad på folk. Hunden Beethoven derimot, meiner eg å ha stifta kjennskap med før?
SvarSlettGammal klassikar den, ja! Nummer 3 og Minstemann er glade i hundefilmar, og eg ser gjerne slike filmar sjølv òg. Artig å sjå korleis dei har trena hundane som skodespelarar!
SvarSlett