mandag 7. september 2009

Bok 53 2009: "Ruth Maiers dagbok" av Jan Erik Vold


Mange har sikkert lese dikt av Gunvor Hofmo. Ruth Maier var den jødiske venninna hennar, som levde som austerriksk jøde i Noreg, og som vart send til Auschwitz og avretta der. Hofmo samla på mange av papira, og Jan Erik Vold har i tillegg fått tak i brev som Maier sende til slekta, som flykta til England. Summen av desse papira utgjer ei omfangsrik bok (16 cd'ar) som inneheld tankar og refleksjonar rundt det å vere ung, det å vere jøde og det å leve under andre verdskrig. Vold kommenterer noko av innhaldet, og han set sitt svært tydelege preg på lydboka, der han les sjølv.

Det er no eit år sidan turen eg var med på til Polen/Tyskland. Boka om og av Ruth Maier er nok ei påminning om at det var reflekterte, ressurssterke menneske med håp for framtida som enda liva sine så ufatteleg tragisk i gasskammera. Eg blir aldri ferdig med å lese om dette temaet.

4 kommentarer:

  1. Vi held på å førebu ein ny gjeng til Polentur. Dei reiser neste laurdag. Håkon vert med.

    SvarSlett
  2. Denne boka har eg liggande, og har lese ein CD.Det var så treigt før den kom i gang at eg har lagt den til sides for å lese noko "lettare" føst.Men viss den er verdt å lese skal eg ta den att.

    SvarSlett
  3. Slike turar vert eit minne for livet, og dei er heldige som får reise saman med klassen. Når det gjeld boka, var den temmeleg lang og omstendeleg, men eg syntest den var interessant. Alt Jan Erik Vold les høyrest ut som poesi!

    SvarSlett
  4. Eg heldt på å bli småsprø av "pustinga" hans.....

    SvarSlett