tirsdag 20. oktober 2009

Ungdomsopprør


Når mamma nektar å spandere frisørtimar, og dessutan har sterke meiningar om kor vidt døtrene skal klippe seg pannelugg eller ikkje, kan følgjande skje:

1. Absolutt ingenting skjer. Dottera finn seg i at mora er fødd til å sjefe.
2. Dottera betaler for frisørtime med eigne pengar.
3. Dottera tek saka i eigne hender. Bokstaveleg tala.

Eldstejenta har no pannelugg, etter det eg kan sjå på bloggen hennar. Gamla har møtt - eller avla fram - sin overmann når det gjeld å vere sta og økonomisk. Eigentleg burde eg vere stolt.

4 kommentarer:

  1. Såpass opprør får ein heller tole.Eg har ikkje alltid vore like glad for dine val heller.No snakkar vi om hår, altså!Og eg hugsar at mamma likte ikkje at eg klipte meg kort, heller.

    SvarSlett
  2. "Slekt skal følge slekters gang"? Ein får velje sine slag, seier no eg.

    SvarSlett
  3. No fekk ej julestemning. Og både ej og du skal være stolte, syns ej!

    SvarSlett
  4. Stolt av og glad i deg, "anonym"!

    SvarSlett