Ein intern spøk, den overskrifta: eg har berre ein bror, men han har to systrer...
Vi har hatt mykje moro opp gjennom tida, frå felles-plaging av storesystera og sliting av fiskeslukar i barndomen til nattlege måltid (t.d. råmelkspudding) og campingliv. Fordi avstandane er lange, blir treffa få. Då hjelper det fint å feriere saman, for å få nokre dagar i samanheng.
Sist sommar var vi alle tre søskena med nesten heile familiane + foreldra våre på ferie ilag nokre dagar, og biletet er henta frå den dagen vi var i Wadstena. Eg har forresten knabba det frå bloggen til Besta, for mine eigne feriebilete gjekk med i eit datakræsj tidlegare i haust.
Vi gratulerer han som er 45 i dag!
Eg har ei mappe som heiter Margrete som eg kan sende over om du vil.
SvarSlettGjerne det! Men det gjeld berre bileta frå juli og starten av august 2009...
SvarSlett