mandag 26. oktober 2009

Framtidsplanar


Minstemann synest det er litt spennande at systera har fått eiga leiligheit, og han ser tydelegvis fram til at han skal bli stor han òg. I går erklærte han følgjande: "når ej fe eiga leiligheit, skal ikkje ej gjere noke, berre sitte ved bordet og drikke". Mora er litt bekymra.

1 kommentar:

  1. Det høyrest unektelig litt skummelt ut, men dei fleste plar endre planane nokre gonger før dei kjem til skjels år og alder.Det kjem litt an på kven som er idealet for tida?

    SvarSlett