fredag 2. oktober 2009

Juhuuuu!!!


Tre gledelege ting i tilfeldig (eller er det kronologisk) rekkefølgje:
  1. Eg har fått ny jobb-data! Etter mitt førre innlegg om data på jobben kan de berre tenkje dykk korleis det kjendest då dataansvarleg på jobb kom og spurde meg om eg hadde lyst å ha med meg den nye PC'en min heim i ferien. No har eg ein jobb å gjere med å overføre ein del dokument og nett-favorittar frå Maskina (hokjønn, som de veit), men det ekstraarbeidet skal eg gjere med stor glede. Elevane kan sjå fram til ein ny giv i undervisninga mi etter ferien. Trur eg.
  2. Haustferien er i gang! Læraryrket er hektisk og slitsamt, og det er godt med ein pause innimellom. Elevane treng òg ein pause - mange av "borna mine" har hatt ein travel periode med prøvar og innleveringar i det siste. Mange lærarar arrangerer prøvar før ferien for å kunne rette i ferien. Sjølv har eg berre ein liten bunke med glosetestar å rette, men eg har trua med å lese mapper og setje karakterar på dei i ferien, så noko skulearbeid blir det på meg òg.
  3. Eg reiser til London saman med ein flott gjeng med kollegadamer på søndag! Vi har planlagt alt frå kva tog vi skal ta til kva veske vi skal ha. Det blir berre ein snartur, men det blir sikkert kjekt å oppleve såpass mykje ilag. Dei som har lese bloggen min ei stund, veit at eg er ein smule anglofil, og at det er min tredje Londontur på halvanna år. Nye lesarar fekk akkurat vite det.
Eg nyttar høvet til å ønskje alle det gjeld god haustferie!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med ny laptop. Kjekt å ha! Og naudsynt for din del.Pappa kjøpte ny "dings" til trådlaust nettverk, på Kongsberg, og begynte optimistisk å installere den i går........Vi får høyre med Karoline om ho kan, ho er enno ikkje flytta skikkelig inn.

    SvarSlett
  2. Gamlemaskina har vore meir til bry enn til nytte i det siste, så det var fantastisk å gå til ferie med ny maskin og dermed nytt pågangsmot for vidare jobbing!

    SvarSlett