Nummer 3 skal ha overnattingsbesøk i morgon av alle jentene i klassen (ei), og då er det berre rett og rimeleg at Nummer 2 får ha besøk av alle gutane i klassen sin (to) no i kveld/natt. Dei har rigga seg til med soveplassar i kjellaren, og så har dei vore på data, spelt "rock band" og sett film. Eg kosar meg aleine i stova, men har kalla dei opp til eit kulinarisk høgdepunkt (grandis) og poppa store mengder popcorn, så dei skal ikkje lide noko naud.
Overkommeleg med slike arrangement når klassene er så små.
SvarSlett