onsdag 7. oktober 2009

Quality Crown Hotel, Paddington


Med berre to og ein halv dag til rådvelde, er det greitt å ha planlagt effektivt på førehand. Det er lenge sidan vi bestilte hotell, og etter mitt syn er det heretter ikkje spørsmål om kvar ein skal bu når ein reiser til London (det kan hende "ein" reiser dit seinare òg, nemleg). Hotellet ligg rett ved Paddington station, der ein kan ta ekspresstog frå og til Heathrow på 15 minutt, tog til Windsor og undergrunnsbane til kvar-som-helst. Praktisk plassering med frokostservering inne på ein Garfunkel-restaurant - kan det bli betre? Ja, det kan det. Eine natta vart vi nemleg vekte av brannalarm. Noko må ein ha å klage på! Elles hadde vi kvart vårt rom med eige bad, det var reint og fint og det beste hotellrommet eg har vore på i London.

1 kommentar: