mandag 19. oktober 2009

Den nya människan


Laurdag kveld begynte eg å sjå denne filmen, men så utsette eg slutten til søndag fordi det berre vart for dystert. Etter filmen såg vi den før omtala shopaholic-filmen for å debriefe oss litt. Det er nemleg ei sterk historie, dette, frå Sverige på 1950-talet. Hovudpersonen er ei ung kvinne frå ein fattig, barnerik familie, og ho vert send til ein institusjon for å få arbeidstrening og lære god moral. Kvinnene på institusjonen har variert bakgrunn, men hovudtematikken er at mange vanskelegstilte kvinner vart tvangssteriliserte for å forhindre at dei formeira seg vidare.

Filmen vert samanlikna med "Gjøkeredet", men den manglar totalt innslag av humor. Dette er berre tragisk, men like fullt ei viktig historie som fortel mykje om menneskesyn og menneskenaturen.

2 kommentarer:

  1. Det er ein film ein vert opprørt av! Om der ikkje er humor, så er der i alle fall lyspunkt. Men mange sviktar denne jenta.

    SvarSlett
  2. Ja, det er ikkje det at eg verken forventa humor eller syntest det var på sin plass, men eg kjende etterpå at det var tungt å fordøye.

    SvarSlett