Olav H. Hauge: SKEISERENN
(Frå Dropar i austavind, 1966)
Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du kan ikkje fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.
Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg, glid ifrå deg –
Snart er han heile runden føre.
Det kjennest litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkjelig ro over deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eiga takt
og kappskrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.
Det geniale med Hauge sine dikt at dei er så enkle,på samme tid som dei inneheld god livsvisdom. Dette diktet har eg ikkje lese før,men eg likte det godt. Minner meg om ei stykke som vi las i leseboka i mi lærartid, der ei jente kappsprang med seg sjølv. Det var ein metafor som også ungane forstod.
SvarSlettSånt er livet!
SvarSlettMen kor tid kjem ein til den erkjenninga?
Det var min første tanke...
Diktet er nytt for meg og.
Ja, eg er spent på kva elevane har funne ut. Første spørsmål var: "kva er ein sktorskridar?" Sidan dei har alle hjelpemiddel tillatne, nekta eg å svare.
SvarSlettDei burde ha gjetta seg til det når dei såg overskrifta. Dei spør før dei tenkjer, trur eg.
SvarSlettFeilstavinga i kommentaren min gjorde ordet meir komplisert! :) Neste norsktime skal eg spørje dei korleis dei grip an situasjonen viss dei finn eit ord dei ikkje forstår, og kanskje ikkje finn i ordlista. Eg trur den generasjonen lid av lært hjelpeløyse.
SvarSlettKanskje dei også kan prøve å lage ord. Venninna mi kalla noko for Eurosjokk. Elles meiner eg å ha funne opp ordet Nilledill.
SvarSlett