lørdag 17. oktober 2009

Mamma, kor mange m-ar er det i "bestemme"?



Ungane bur på same rom, og Nummer 3 ser tydelegvis behov for å setje ein standard for orden og åtferd. Eg er litt usikker på kven mottakargruppa er, og kunstnaren kunne heller ikkje gi noko tydeleg svar på det. Avsendaren er derimot klar nok, og ein kan få assosiasjonar til både Jante og "Animal farm". Det siste passar forresten godt som namn på rommet.

Sjølv var Gamla ofte aleine jente saman med gutane i barnehagen, og ein gong kom ho opprørt og fortvila til Besta og fortalde at dei hadde leika Gud, Jesus, englar og menneske i klatrestativet. Eg hugsar godt den leiken; eg var Gud, Torgeir var Jesus og Frode var eit lite barn som låg i ei kasse nede "på jorda". Andre etasje på klatrestativet var himmelen.

Forklaringa på at eg var opprørt?

Dei hine ville ikkje lyde Gud!

3 kommentarer:

  1. Hugsar godt då du kom heim og var aldeles bestyrta fordi dei andre ikkje ville lyde "GUD"!Du var vel ca 6år gammal.
    Snakk om å ha ambisjonar, eller kva ein skal kalle det.

    SvarSlett
  2. Eg vel å kalle det "naturleg autoritet".

    SvarSlett
  3. Kanskje lærarfrøet alt var sådd?
    Eg hugsar at eg på konferansetimar i barneskulen vart informert om at du var "sjefete", det galdt for øvrig også systra di! Girl power!!!
    Eg tolka det positivt!

    SvarSlett