lørdag 17. oktober 2009

Variert kost?



Sidan det vart overnattingsbesøk i går, steikte eg grandisen vi skulle ha i dag til ungane då. I dag kom ein ny gjest, og ho var førespegla pizza ho òg. Personleg var eg ikkje freista til å lage grandis ein dag til, og prisnivået på nærbutikken avgjorde saka: i dag vart det heimelaga pizza, med jentene som sitjande superkjevlarar. Eg trur eg veit korleis eg skal få unna julebaksten i år!

6 kommentarer:

  1. Ja, det er kjedelig å bake åleine! Det synest i alle fall eg.Forresten har eg att av kaker eg bakte i fjor til jul. Peparkakene er allereide på plass i butikkane.

    SvarSlett
  2. Vi såg kakemenn (julemannar) på butikken i dag.

    SvarSlett
  3. Eg pønskar på eit blogginnlegg om akkurat det, julemannar 15. oktober.

    SvarSlett
  4. Ja, smaken på frossen kjøpepizza samsvarar ikkje med det ein må betale. På Mega har dei p.t. 2 i ein pakke som kan forsvarast. Men rett skal vere rett, kjøpepizzaen reddar nok mange barnefamilier med utearbeidande foreldre....
    Eidabesta

    SvarSlett
  5. Eg prøvde mamma sitt triks her ein dag. Viss eg vil ha 15 minutts pause før 3 timar Mat og helse, må eg førebu timane om morgonen. Då laga eg kald deig som eg tok fram i matfriminuttet. Slike deigar kan bakast omtrent utan mjøl. Lurt til små born også, men det kan ikkje gjerast spontant.

    SvarSlett
  6. Eg plar peise nedi pizzadeigen ein heil del olivenolje, og maksimalt med mjøl. Då blir den svært lett å jobbe med etter hevinga.

    SvarSlett