søndag 11. oktober 2009

Ferieslutt



Dagen i dag gjekk mykje med til å førebu dei komande to vekene på jobb - eg har hatt full arbeidsdag og vel så det. Sjølvsagt vart det tid til ein trimtur inn til Straumshamn for å hente ein sykkel. Etter eit par dagar i storby set ein ekstra pris på klår, rein haustluft, og eg skulle gjerne ha gått meir tur dersom eg hadde hatt tid.

Eldstejenta og venninna reiste til urbane strok att etter middag, og dei tre resterande ungane har funne roa på rommet til Nummer 2 etter eit par kapittel i "Tonje Glimmerdal". Dei stortrivst med å dele rom, og eg synest det er ufatteleg praktisk når eg skal lese til dei.

1 kommentar:

  1. Bildet minte meg på at vi må kjøpe ny madrass til 2.etasje i etasjesenga.Og at det er kjekt med høgtlesing av barnebøker!!

    SvarSlett