lørdag 12. desember 2009

12. desember: som barn igjen


Kvart år blir det arrangert juleverkstad i kyrkja her i bygda. Små og store møter opp for å bruke ettermiddagen til å lage julepynt og julegåver. Både storesøsken, foreldre og besteforeldre stiller villege opp for å hjelpe til på dei ulike stasjonane, og nokre tilbringer dagen med å bake lussekattar og koke kaffi såpass at menyen gir seg sjølv. Alle born betaler 50 kroner som skal dekkje utgiftene til formingsmateriell, og alle får med seg ein pose lussekattar heim. Eit triveleg og sosialt tiltak som fleire bygder kunne ha kopiert.

Ei dame kom og sa til meg at ho vart heilt som eit barn sjølv når ho sette seg til å teikne. Altså fungerer juleverkstaden heilt etter Jesu lære.

1 kommentar:

  1. Eg plar seie at den einaste tida på året eg saknar skulen er i adventstida.Det blir liksom ikkje heilt jul utan "juleverkstad" -på ein eller annan måte.Etter mi meining er slike tiltak mykje viktigare enn fulle kakeboksar i heimen.

    SvarSlett