onsdag 16. desember 2009

16. desember: tredje nisse i advent


Eg har eit sett med nissar av typen som ligg inne i kvarandre - det er fire nissar og eit juletre, kjøpt i Praha. I dag stod Minstemann og fikla med desse, og putta juletreet og den minste nissen inn i den nest minste. "Det e jo berre tredje nisse i advent", var kommentaren. Dermed starta han ein ny tradisjon - heretter tek vi dei truleg ut etter kvart som vekene går fram mot jul.

5 kommentarer:

  1. Og ein ny tradisjon er etablert..? God idé i alle fall.Men kjem ALLE med sekk og juletre?

    SvarSlett
  2. Arig!
    Naboane våre på Engeset hadde ei sånn babushjka(?) som eg beundra stort.

    SvarSlett
  3. I Praha hadde dei alle slags variantar - også presidentar i Sovjetunionen!

    SvarSlett
  4. Ja! Angrar litt på at eg ikkje kjøpte den - alltid vanskeleg med sære souvenirar; som oftast misser dei lmykje av verdien når ein kjem heim.

    SvarSlett