fredag 18. desember 2009

18. desember: kino i kveld: "A Christmas Carol"

Eg tek ingen sjansar. Sist helg var eg innom Internett og bestilte billettar til ungane og meg sjølv, for denne filmen MÅ eg få med meg! Jim Carrey er ein av mine mange favorittskodespelarar innan komediesjangeren, og i denne filmen spelar han fleire av rollene. Eg er usikker på fagterminologien, men personane er delvis animerte, eller kva det heiter.

Som førebuing har vi sett ein teiknefilmversjon av historia - spesielt med tanke på Minstemann, som ikkje er så flink i engelsk enno. Han er derimot flink til å lese, og eg håpar at kinoopplevinga ikkje blir like søvndyssande som diverse konsertar og show han har vore på. Dessutan håpar eg at det går greitt når juleåndene dukkar opp, og at det ikkje blir traumatisk på nokon måte.

Eine klassen min er passe traumatiserte etter at eg viste dei den gamle BBC-versjonen av "A Christmas Carol" i fjor før jul.

ETTER FILMEN:
Ein spennande og litt skummel versjon som held seg fint til originalteksten av Dickens. Effektane er verknadsfulle, og Jim Carrey spelar godt. Undervegs i "årets jul" vart det svært skummelt, men då somna heldigvis Minstemann. Dette er ingen film for små born og pingler!

1 kommentar:

  1. Dokke må no ha lykke til! Eit godt grøss er ikkje å forakte.

    SvarSlett