lørdag 19. desember 2009

19. desember: Let it snow!


Då vi vakna i dag, låg det eit fint, kvitt lag nysnø ute og lyste opp verda. Ungane var snare ut for å leike seg ei stund før i tok oss ein tur til Volda og Ørsta, der vi hadde julegåveutveksling med Besta/Besten og fekk servert pannekaker med rikeleg bacon til (det var visst eg sjølv som hadde sett Besta på idéen i eit tidlegare innlegg om bacon).

Eg er ikkje så oppteken av om det er snø akkurat på julaftan, men det er kjekt med snø uansett - spesielt når ein har fri og slepp å stå opp i gryotta for å moke.

7 kommentarer:

  1. Det lyser opp med snø no på svartaste vinteren.Eg blei veldig glad i snø den tida vi hadde hund her i huset.Eg Nadja elska snøen! Du hugsar vel korleis ho låg ute på snøbarden og let seg snø nede?

    SvarSlett
  2. Javisst! Fekk ei påminning om Nadja då vi såg gamle heimevideoar i ettermiddag.

    SvarSlett
  3. - 19 på Kongsberg, inne og fyrer.

    SvarSlett
  4. Her var det + 2 i 6-tida.
    Reinsleg og lyst med snø!

    SvarSlett
  5. Flott bilde! God jul til alle dokke! Herleg samansett ord i dette innlegget...

    SvarSlett
  6. Tenkte på Lappetausa då eg skreiv det!

    SvarSlett
  7. Ja, tenkte eg det ikkje, og som vanleg gjekk eg fem på, er det ikkje det det heiter...

    SvarSlett