mandag 7. desember 2009

7. desember: serinakaker


Det er ikkje mykje eg har tenkt å bake i år, med rettebunkar opp til øyrene og skule til og med 22. desember. Ikkje et vi noko særleg med kaker heller. Men noko juleførebuing må vi ha, og då er serinakaker ein kjekk sort å bake på grunn av dei mange prosessane. Det er både laging av deig, knekking med gaffel, pensling med egg og strøing av perlesukker. Eigentleg skal det vere hakka mandlar på, men det er det minst tre i familien som ikkje likar. Vi kosar oss med baking og steiking, og så set Gamla på kaffi og pustar på ei stund...

6 kommentarer:

  1. Eg ser du har flinke hjelparar! Serinakaker er ein sikker favoritt. Eg satsar og på yngre krefter i år.

    SvarSlett
  2. Kjekt ! Litt meir avansert og omstendeleg enn ferdighuset vi kava me i går :-)Flinke dokke e ;-)

    SvarSlett
  3. Hugsar du Bertil hamster. HAN elska serinakaker . Trur det var mandlane på toppen som frista mest.

    SvarSlett
  4. Serinakaker er kjedelege på smak, men eg bruker alltid meierismør i staden for margarin - då vert dei langt betre enn elles. Og så smakte dei visst godt til kveldsmat med eit glas mjølk til.

    SvarSlett
  5. Mamma brukte alltid smør og melis i staden for sukker og margarin.Smør hever smaken!!!

    SvarSlett
  6. Heilt klart - viss ein likar smørsmaken, vel å merke. Bertil var morosam når han sette til livs heile serinakaker, hamstra den i kinnposane og deretter vagga bort til soveplassen...

    SvarSlett