lørdag 12. desember 2009

"Australia" - filmen som har alt?

For noko sidan las eg ei bok om livet i Australia på 1800-talet. I filmen "Australia" er settingen same kontinent, men rundt 1940. Problemstillingane vert derfor litt annleis; filmen handlar mykje om assimilering av aboriginarar og om andre verdskrig. Likevel er det den dramatiske historia om den fine ladyen som må greie seg under tøffe tilhøve som står i sentrum.

Høyrt det før, seier du? Ja, eg trudde filmen kom til å vere føreseieleg, men det var den ikkje. Ikkje på alle nivå, i alle fall. Her er dramatikk, kjærleik, intrigar og ein aldeles nydeleg liten gut som e"fortel" historia. Glimrande skodespelarprestasjonar gjorde dette til trivelege og intense 2,5 time. Eg har berre ein ting å innvende mot filmen: den er for lang til å bli vist på skulen.

4 kommentarer:

  1. I vår/sommar fekk vi besøk av ein utvekslingsstudent frå Australia i klassene og brukte dei første timane til å sjå filmen på storskjerm. Det var etter munnleg eksamen og det passa godt å kose seg og lære noko samtidig. Fantastisk film!

    SvarSlett
  2. Berre for å ha sagt det:Eg lånte filmen på biblio i dag.Likar å ha ein film i bakhand om det skulle skorte på interessante TV-program etter kveldsnytt.

    SvarSlett
  3. Ja, du har noko å glede deg til, Besta! Ha kleenexen klar...

    SvarSlett
  4. Trur eg tidlegare har kommentert at dette er ein av dei beste filmane eg har sett, sjølvsagt på heime-kino i godstolen.
    Eidabesta

    SvarSlett