onsdag 2. desember 2009

Bok 68 2009: "Den hemmelige elven" av Kate Grenville


Romanen handlar om ein mann som vert dømd og deportert til Australia tidleg på 1800-talet. Den er enkelt skriven, men historia er dramatisk nok. Spesielt er møtet med aboriginarane spennande å høyre om. Skal eg innvende noko negativt, må det vere at dramaet flatar svært mykje ut mot slutten, når familien er etablert i det nye landet. Likevel er det ein fin måte å lære om Australias historie på, og husvasken gjekk svært lett då eg kunne lytte til dei siste cd'ane.

4 kommentarer:

  1. Enten du trur det eller ei:Eg har lese denne boka også. Men det er ganske lenge sidan.Eg diggar å lese frå Australia,det er eit land eg gjerne skulle ha besøkt. Boka hugsar eg berre i små glimt dvs.bilde, men hadde eg lese den om att hadde det vore annleis.

    SvarSlett
  2. Eg har liggande ein film som heiter Australia - men manglar tid til å få sjå den i desse travle heildagsprøvetider...

    SvarSlett
  3. Boka En by som Alice, har eg lese både på papir og som lydbok.Då eg las lydboka hadde eg atlaset ved sidan av og lærte meg litt av geografien også.(Meiner å ha sett filmen også) Får betre samvit av å lese så mykje når eg kan dokumentere at eg LÆRER noko av alle bøkene.

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett