fredag 25. desember 2009

Første juledag


Dette har vore ein ekstremt sløv dag med mykje lego og data, men vi kom oss no ut eit par timar såpass vi fekk lufta hundane og opparbeidd appetitt til eit herleg restemåltid. Her er kaldt, men lite snø. Uansett er det deilig å kunne vere ute i dagslys.

Sånn i forbifarten kan eg nemne at eg moste resten av gjengen i "rock og pop-geni". For dei som ikkje veit det, er eg ein dårleg tapar, og ein verre vinnar. Gårsdagens preike om julefred vart gløymt då terningen kom på bordet.

3 kommentarer:

  1. Den ufine framferda i spel, anten ein vinn eller taper, trur eg er eit syndrom som rammar mange lærarar i feriane.Her går ein rundt heile tida og skal vere full av forståing og pedagogisk tankegang...og så er det ferie! Også frå pedagogikken! Og lærarane blir herlig rampete.

    SvarSlett
  2. Vi hadde eit Pop og rock-geni her i huset ein gong også. Men eg trur det spelet må vere ute på dato, for svaret på mange spørsmål var: "The Mamas and the Papas"-kven kjenner dei no????

    SvarSlett
  3. The Grandmamas and the Grandpapas?

    SvarSlett