mandag 28. desember 2009

Gamle filmar for nytt publikum

Nokre av dykk har høyrt meg seie det, men no kjem det på bloggen òg, som eitt av dei få gullkorna eg sjølv har funne på: når eit nytt barn kjem til verda, kan det ikkje "bæ bæ lille lam." Banalt? Kanskje, men det er no eingong dette som held oss pedagogar gåande.

På heimebane opplever eg stadig at borna ikkje har den same referansebakgrunnen som meg, og ikkje den same som søskena heller. Klassiske Disney-filmar som Eldstejenta hadde på VHS, er totalt ukjende for dei to yngste. Derfor driv eg no og kjøper ihop DVD-filmar som Pinocchio, Aristokattene og Ringeren i Notre Dame, som vi har frå før på skurrande, utslitne videokassettar.


Når småsøskena er lagde, er det mogleg for Gamla og Eldstejenta å sjå ein film som høyrer til ein litt annan sjanger enn Disney. I går såg vi til dømes "The Shining," og i kveld ser vi "The Rose". Spesielt den førstnemnde er ein film som alle bør kjenne til, sidan den er blitt modell for mange seinare filmar. Det vert forresten "hinta" til dei to jentene i korridoren i "Knerten"-filmen. "The Rose" baserer seg delvis på livet til Janis Joplin, og Bette Midler syng fantastisk og viser negative sider ved artistlivet.

Ikkje akkurat julefilmar, kanskje, men vi kosar oss likevel. Gubben er på spelejobb, og eg håpar og trur han opplever dei positive sidene ved artistlivet!

5 kommentarer:

  1. Det er ikkje så lenge sidan eg såg Shining for første gong. Den gjekk meg hus forbi i si tid.
    Men no har eg og den klassikaren inne. Her borte viste dei Gjøkeredet som julefilm, med frivilleg påmelding, den engasjerte.
    Eg har kjøpt Huset på prærien Season 1 til frøkna. Skal tru om den engasjerer i dag.
    Ho har forresten gått glipp av mykje Egner.............
    Eg trur eg kan Karius og Baktus utanboks, på nynorsk. Det skulle i alle fall ikkje tatt meg lang til å memorere den.

    SvarSlett
  2. Eg hr aldri sett Shining,men eg likar godt å sjå om att filmar og lese om att bøker.Til dømes såg eg Juleoratorieet på TV her ein dag.Har sett filmen før, og lese boka to gonger.
    Karius og Baktus kunne eg før-på bokmål.Som kjent likar ungar å høyre same historia om att og om att.

    SvarSlett
  3. Ja, så då gjeld det å ikkje begynne å lese den til nestemann....
    Det var forresten du som gav den til oss på nynorsk!?

    SvarSlett
  4. Shining er for skummel for meg, har prøvd...Den andre filmen skal eg merke meg! Elles så ser eg ein del på nett-tv, der får ein med seg mykje frå nrk, men skuffande nok ikkje Juleoratoriet...!

    SvarSlett
  5. DET er ein fin film - og ei fantastisk bok!

    SvarSlett