lørdag 19. desember 2009

Othello


Etter eit portrettintervju i skuleavisa denne veka, har eg fått nokre kommentarar om at eg styrer med hobbyane mine på jobb. Har ein sære nok interesser, er dette nemleg fullt mogleg. I tillegg er det mogleg å jobbe i fritida; som til dømes i kveld, då eg såg ferdig "Othello" av Shakespeare, i filmatiseringa frå 1995. For det første er eg langt meir enn gjennomsnittleg oppteken av Shakespeare, og har lese nesten alle skodespela og dei fleste dikta hans. For det andre er eg langt meir enn gjennomsnittleg glad i å sjå film i denne litt alvorstyngde sjangeren. Kenneth Branagh er dessutan ein av mine mange favorittskodespelarar (har eg ikkje omtala fleire som det, tru?), og spesielt Shakespearefilmatiseringane. Han spelar ein fantastisk Iago, medan Laurence Fishburn er god som Othello. Kan det bli betre? Ja, for eg hadde potetgull, te og eit lunt pledd også...

Som eit apropos til potetgull: her ein dag bad eg Gubben ha på meir bacon på fatet mitt, og Nummer 2 kommenterte at "det trenge du". Då eg spurde han kva han meinte med det, svara han: "fordi du e pittelita og drittynne". Køl på med bacon og potetgull, altså!

1 kommentar:

  1. Shakespeare har eg ikkje mykje greie på, men har no sett nokre filmar.Når det gjeld Kenneth Branagh er eg 100% samd, han er mellom anna den beste Wallander eg har sett.(Men er dessverre litt for opphengd i Rolf Lassgaard.)
    Å ha arbeid som hobby også er vel berre positivt? Bacondietten er eg også heilt enig i.

    SvarSlett