tirsdag 23. mars 2010

Bok 10 2010: "Syden" av Are Kalvø

Eg har sans for humoren og lesestilen til Are Kalvø. For tida skal eg jobbe med kåseri i den eine norskklassen min, derfor lånte eg "Syden" for å kome i stemning. Eg har høyrt delar av boka før, men no lytta eg til heile verket, som er ein ironisk presentasjon av sydenliv gjennom tidene. Boka har stor underhaldningsverdi, og den høver godt som lydbok. Det er forfattaren sjølv som les.

4 kommentarer:

  1. Denne lydboka kjøpte eg for mange år sidan i presang til far din. Vi hadde den i bilen, så vi hadde underhaldning på ferjeleier etc.Har lese i den seinare også, men veit ikkje om eg har fått i meg heile.Men den ER morsom!

    SvarSlett
  2. Heilt topp. Eg prøvde å spele den til ei gruppe elevar ein gong. Eg kosa meg, men dei forstod ikkje humoren. Kanskje eg skulle prøve igjen ...

    SvarSlett
  3. Likar du Are Kalvø må du kome på fotballoperaen til hausten. Han har skrive tekst og ein av Førde-gutane i Ytre Suløen, musikken.
    Eidabesta

    SvarSlett
  4. Eg spelte eit kåseri av Kalvø til elevane i mediaklassen, og fleire syntest det var morosamt. Det er skarpe og kjekke elevar som sikkert er modnare enn mange andre på same alder. Den fotballoperaen høyrest spennande ut!

    SvarSlett