lørdag 27. mars 2010

Første feriedag

Den store feriekjensla uteblir kanskje når ein set vekkjarklokka på 7.00. Årsaka var ein grytidleg og sårt etterlengta frisørtime. Då den var vel (?) overstått, plukka eg med meg Eldstejenta på shopping- og caférunde i Volda. Deretter vart det pakking og hybelrydding før vi sette kursen heimover.

Heime fekk jentene instruksar om korleis ein lagar lasagne før eg tok med meg Nummer 2 og hundane på tur innover i Geislida. Då vi kom heim, stod middagen klar.

Enno har vi eit hav av fridagar framfor oss, og vi skal vite å nyte dei, uansett vêr og føre. Eg håpar at alle de blogglesarane der ute gjer det same!

2 kommentarer:

  1. Vi som lever etter naturlig innbygd klokke har merka at vi har begynt å vakne tidlegare om morgonen i det siste. Trur det blir bra med sommartid.Og særlig for kfolk som er på jobb-det blir lengre ettermiddagar ev. med sol.
    Men det kan vere greitt å ha ferien til tilvenning.

    SvarSlett
  2. Eg sat og såg ut klokka 19.15. Då var det fullt dagslys, sjølv om det var overskya. I morgon blir det altså lyst til 20.15. Minst.

    SvarSlett