tirsdag 23. mars 2010

Gratulerer med dagen!

23. mars er det 17 år sidan Eldstejenta kom til verda, 16 dagar på overtid etter diverse kurar. Ikkje noko stress på den jenta, nei! Og lukka var vel aldri større enn då eg vart mor for første gong. Eg syntest ho var det vakraste som fanst, og eit under på jord. Ho fylde dagane mine frå første dag fordi ho ikkje ville sove anna enn når eg heldt henne eller trilla på grusveg, og seinare tok eg henne med på leikeplassar, sat i sandkassa saman med henne og var totalt oppslukt av henne. Ingen av dei andre ungane har fått så mykje merksemd, men no er ho nesten ikkje heime meir. Det har vore litt av ein overgang for oss alle at ho plutseleg er blitt så vaksen, men inst inne vil ho alltid vere babyen min.

3 kommentarer:

  1. Gratulasjonar frå oss på Eid!
    Guten vår på 17 har fast følge, ikkje mykje vi ser til han no.
    Naturleg at du tok deg mykje av den førstefødde. Eg tykkjer du er flink med alle ungane, dei treng omsorg og omtanke når dei ikkje er babyar lenger også, veit du.
    Eidabesta

    SvarSlett
  2. Takk for den, tante! Døgnet har ikkje mange nok timar til å gi alle ungane nok merksemd og oppfølging til ei kvar tid, men ein gjer sitt beste.

    SvarSlett
  3. Slik har det vel vore i alle generasjonar, men i vår tid har ein meir fokus på det å "følge opp" ungane. Det blir stilt større krav til foreldra enn nokon gong før.Eg trur ikkje du skal ha dårlig samvit i alle fall.Ingen føler seg vel 100% vellykka som forelder? Men ein gjer så bra ein kan der og då.

    SvarSlett